BONDEHÆREN er supporterklubben til Bryne FK — et fellesskap for alle som brenner for klubben. Me e dei som står på Stå-tribunen i øsende regn, og dei som farger bortebaner raude over heile landet.
DETTE E MEIR ENN EIN KLUBB. DET Æ BRYNE.
Bli del av eit ekte supporterfellesskap som står saman før, under og etter kvar kamp.
Alle medlemskap går eitt år frå innmelding. Betaling med Vipps (#11622), kort eller faktura.
PR. ÅR · UNDER 18
PR. ÅR · VAKSEN
PR. ÅR · 2 VAKSNE + BARN
PR. ÅR · BEDRIFT & EKSTRA STØTTE
Finn du ikkje svaret du leitar etter? Send oss ein melding på kontakt@bondehaeren.no.
Alle som har eit hjerte for Bryne FK. Lokalbefolkning, utflytta, tilflytta, ung som gamal — me har plass til alle. Me samlar supporterar til felles støtte for Bryne FK.
Ja, sjølvsagt! Bondehæren er ein inkluderande supporterklubb for alle generasjonar. Me oppmodar familiar til å stilla saman på kamp, bidra til tifo og oppleva fellesskapet på Jæren. Me har eige familiemedlemskap som dekker 2 vaksne og inntil 3 barn under 15. Ungar er framtida på tribunen.
Du kan betala enkelt med Vipps – #11622, bankkort eller faktura. Du får alt du treng på e-post etter innmelding.
Som medlem får du tilgang til eksklusive supportereffektar, rabatterte prisar på supporterbussar til bortekampar, og invitasjonar til eigne medlemskveldar og arrangement.
Ja, det kan du verkeleg! Me treng alltid engasjerte folk til tifo-arbeid, rigging før kamp, sal av supporterutstyr, og organisering av turar. Ta kontakt med oss på stadion eller send ein melding via kontakt seksjonen vår.
Spørsmål om medlemskap, borteturar eller frivillig arbeid? Me svarar kjapt — som regel innan eit døgn.
Betaling via Vipps #11622 eller faktura.